Tonje Glimmerdal
Description
Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tÞffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja pÄ ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar pÄ over sytti Är, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?
Ein dag dÄ Gunnvald er pÄ sjukehuset med broten lÄrhals, forstÄr Tonje at Gunnvald har ein stor lÞyndom han ikkje har rÞpt for bestevennen sin. BrÄtt fÄr Tonje mangt Ä rydde opp i, for her stÄr det om lykka og felespel!
Her er latter, drama, tÄrer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Maria Parrs debutbok, Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute pÄ sju sprÄk. Tonje Glimmerdal er allereie seld til fleire land.